Review/Recension

 

ANNA KÉRCHY & BJÖRN SUNDMARK (RED.)

TRANSLATING AND TRANSMEDIATING CHILDREN’S LITERATURE

Basingstoke/Cham: Palgrave Macmillan, 2020 (337 s.)

 

Published: 19 November 2021

©2021 Marcus Axelsson. This is an open access article distributed under the terms of the Creative Commons CC-BY-NC 4.0 License (https://creativecommons.org/licenses/by-nc/4.0/), permitting all non-commercial use, distribution, and reproduction in any medium, provided the original work is properly cited.

Citation: Barnboken - tidskrift för barnlitteraturforskning/Barnboken - Journal of Children’s Literature Research, Vol. 44, 2021 http://dx.doi.org/10.14811/clr.v44.591

 



202115_F0001.jpg

Då eg vart spurt om å skrive ein bokomtale av antologien Translating and Transmediating Children’s Literature (2020), svarte eg ja utan å tvile. Dette var jo verkeleg eit spennande tema og noko som eg interesserer meg mykje for. Eg bestemte meg for å gå sakleg til verks. Eg begynte å skrive omtalen medan eg las boka. Då eg las omtalen, merkte eg at delar av han bar spor av at han var skrive i affekt, noko som ikkje i det heile tatt samsvarte med min opphavlege plan om å gå sakleg til verks. Eg reviderte teksten, men spora av affekt forsvann ikkje. Eg skjønte at eg heller måtte bruke ei autoetnografisk tilnærming og skrive om korleis eg oppfatta boka og kvifor eg vart så engasjert. Eigentleg er dette den mest rettferdige måten å skrive ein bokomtale på. Synspunkta nedanfor er mine eigne og det er truleg at ein annan lesar ville ha oppfatta boka annleis.

Viss ein bokomtale ber preg av å vere skriven i affekt, signaliserer det at boka gjer akkurat det som ein forskingspublikasjon skal gjere – ho vekker engasjement. Når eg las boka vart eg nokon stunder imponert, andre stunder inspirert. Eg vart også interessert, intrigert og til og med irritert, og samla sett kan vel eigentleg ikkje ein forskingspublikasjon få betre karakter? La oss nå sjå litt nærmare på kva boka inneheld.

Antologien Translating and Transmediating Children’s Literature er redigert av Anna Kérchy, frå Universitetet i Szeged, og Björn Sundmark, frå Malmö universitet. I tillegg til innleiingskapittelet inneheld boka 16 studiar. I innleiingskapittelet nemner redaktørane, på ulike stadar i kapittelet, nokon ulike formål som boka har. Tidleg nemner dei at formålet er å utforske korleis omsetjing og transmediering blir brukt i barnelitteraturen på tvers av språk, sjangrar og medium. Lenger fram nemner dei at eit anna formål er å styrke eit nytt forskingsfelt ”by exploring the connections between translation and transmediation, covering a broad scope in terms of languages, dialects, and intermedial aspects” (8). Seinare spesifiserer Kérchy og Sundmark dette og skriv at “[t]he aim of this collection is the timely endeavor to approach translation and transmediation as an interrelated practice and apply it to the analysis of children’s literature” (9). Eg kjem tilbake til denne formuleringa seinare. Å rette oppmerksemda mot omsetjing av barnelitteratur er alltid eit prisverdig initiativ og på den måten bidrar boka med ei viktig brikke i det 1000-bitarspuslespelet som barnelitteraturforskinga utgjer. I innleiingskapittelet konstaterer redaktørane innsiktsfullt at ”[w]ithout books in translation, we are locked inside our own literary ghettos” (8), noko som motiverer boka på ein god måte.

Å omtale ein antologi er vanskeleg, ettersom antologiar inneheld fleire ulike studiar frå forskjellige bidragsytarar. Det er ikkje mogleg å gå inn på alle studiane som inngår i boka her, men la meg gjere nokon nedslag i studiar som vekte ein del tankar hos meg. Ingen skugge skal falle over dei utvalde bidraga viss eg nedanfor kjem med negativ kritikk – at desse studiane vekte engasjement hos meg er positivt – det er, atter igjen, akkurat det som forsking skal gjere. Boka er delt inn i fire ulike delar, men redaktørane meiner at desse delane ikkje skal sjåast på som vasstette, heller at dei ulike delane går i kvarandre og overlappar – noko som dei skriv er ein fordel, ettersom lesaren då fritt kan velje i kva rekkefølgje han vil lese.

Eg festa mykje interesse ved Dafna Zurs bidrag om korleis idear om Sovjetunionen tidlegare vart brukt som inspirasjon og som tema i nordkoreansk barnelitteratur. Zur viser oss korleis ei stoltheit over Koreas eigne tradisjonar, men også moglegheiter til kva Nord-Korea kan bli, kjem til uttrykk i barnelitteraturen i form av fiktiv reiselitteratur. I innleiingskapittelet nemner redaktørane at boka vil gå bortanfor “the default British-American context and look into translation from and into neglected languages and dialects” (9), og Zurs kapittel er eit av desse bidraga. I tillegg er det det einaste bidraget som omhandlar eit ikkje-vestleg materiale.

Ettersom eg er særleg interessert i litteratursosiologiske spørsmål, vart eg engasjert av Petros Panaous og Tasoula Tsilimenis studie om korleis (og i kva grad) bokomslag blir forandra når bøker blir omsett og utgitt i Hellas. Dei diskuterer effekten av ulike val som har blitt gjort og inkluderer også resultata frå eit intervju som dei har hatt med ein bokutgjevar i sin studie. Kapittelet er noko deskriptivt i si tilnærming til materialet, men slik er det ofte i litteratursosiologiske samanhengar og studien bidrar med mange spennande innsikter om korleis litteratur blir annleis pakka inn av forlag når den kryssar språkgrenser. Innanfor omsetjingsvitskapen er det ofte omsetjarens inngripen i teksten som blir vektlagt, men hos Panaous og Tsilimenis er det forlagsbransjens rolle som blir studert, noko som også er viktig å rette oppmerksemda mot.

Når ein høyrer ordet ”transmediering” i samband med barnelitteratur, går nok tankane, i våre dagar, hos dei fleste av oss til digitale medium. Cheryl Cowdy retter, i sitt bidrag, oppmerksemda mot Jessica Anthonys og Rodrigo Corrals barnelitterære verk Chopsticks (2012), som finst både i digital form og som fysisk bok. Ho undersøker forskjellane mellom dei to versjonane og i sitt kapittel fokuserer ho (utan å diskutere dei etiske omsyna som må takast når ein utleverer ein informant på denne måten) på korleis den digitale forma av Chopsticks fungerte terapeutisk for ein av hennar informantar. På denne måten grensar studien også til det psykologiske forskingsfeltet. Cowdys bidrag vil vere særleg interessant for dei som interesserer seg for ungdomslitteratur på tvers av ulike medium.

Eg er omsetjingsvitar, men det kapittelet som eg, på fleire frontar, hadde aller mest utbytte av å lese, handla om det transmediale perspektivet. I bokas siste bidrag, skriv Casey D. Gailey om korleis komplekse naturvitskaplege teoriar blir transmediert til dei yngste lesarane gjennom kartongbøker/peikebøker. Gailey fortel om korleis ho, då ho besøkte ein bokhandel, fann titlar som heitte til dømes Quantum Physics for Babies og Baby Loves Thermodynamics. Ho spurde seg om desse bøkene var eit skjemt for vaksne eller om dei faktisk var bøker for barn. Gjennom å støtte seg til relevant teori finn Gailey at bøkene i nokon grad sjølvsagt er komikk, men at dei byggjer på prinsippa i barnelitteraturen, at dei forklarer komplekse fenomen på ein god måte og at dei så absolutt kan bidra til kunnskapsbygging når barna blir eldre. I tillegg til å vere ein interessant og velgjord studie, er kapittelet eit skulebokeksempel på korleis ein vitskapleg studie kan gjennomførast og presenterast og eg ville gjerne sette dette kapittelet i hendene på ein student som skal i gang med å skrive bachelor- eller masteroppgåve.

Som tidlegare nemnt, vekte boka følelsar hos meg og det er først og fremst på grunn av ting som engasjerte meg – noko som er positiv kritikk – og nedanfor vil eg forklare og diskutere kvifor eg vart så engasjert. Tidlegare nemnde eg at eg ville kome tilbake til bokas formål. Redaktørane skriv at boka skal “approach translation and transmediation as an interrelated practice and apply it to the analysis of children’s literature” (9). Det er mogleg at eg heng meg opp i småord her, men eg kan ikkje heilt sjå korleis ein praksis kan brukast for å analysere noko. Hadde det ikkje vore mogleg å ha så høge ambisjonar med innleiingskapittelet at ein prøver å skape eit teorigrunnlag kor ein argumenterer for, og forklarer, at omsetjing og transmediering skal sjåast i samanheng og utgjere eit nytt felt? Kanskje gjer ein det ikkje fordi det ikkje er mogleg? Er ikkje eksistensen av eit slikt felt avhengig av materialet; at materialet som skal analyserast både er omsett og transmediert? Nokon av studiane i antologien handsamar slikt materiale. Dana Cocargeanu undersøker rumenske online-omsetjingar av Beatrix Potters kunsteventyr og Domingos Soares og Cybelle Saffa Soares studerer korleis et dataspel basert på Star Wars-universet er omsett til brasiliansk portugisisk. Fleirtalet av studiane i boka handsamar likevel enten omsetjing eller transmediering.

Det som eg har nemnt ovanfor er ikkje nødvendigvis negativ kritikk, men eit spørsmål eg stiller meg. Ein kan godt argumentere for at eg har misforstått noko undervegs, men eg vil meine at innleiingskapittelet kunne ha vore tydelegare på korleis omsetjing og transmediering er eitt forskingsfelt. Det finst omgrepsutgreiingar og definisjonar. Redaktørane nemner til dømes at ”[t]ranslation regularly involves transmediation, which in turn can be seen as a specific form of translation” (1), men dei kunne ha vore heilt eksplisitt formulert og ikkje blitt gjentekne på fleire stadar i ulike former slik at det blir forvirrande. Redaktørane er inne på at omsetjing er eit breitt omgrep. Det meiner også nokon omsetjingsteoretikarar. At eg som omsetjingsvitar då kan seie at omsetjing og transmediering ikkje er det same, vil derfor kanskje vere litt overraskande. Eg meiner at det å omsetje modalitetar og semiotiske ressursar i samband med at ei bok byter språk er omsetjing, men er det å byte mellom ulike medium omsetjing? Viss omsetjingsomgrepet er så breitt som nokon teoretikarar meiner at det er – og som redaktørane i nokon grad også er inne på – må ein argumentere for kvifor ”transmediering” likevel trengst som term og omgrep – og dessutan i tittelen på boka. Noko som også ville vere velkoment i innleiingskapittelet er ein diskusjon om, og utgreiing av, korleis ”medialitet” relaterer seg til ”modalitet”. Då hadde dei ulike kapittelforfattarane kunna slutte seg til desse definisjonane og unngått omgrepsforvirring sidan ”medialitet” i nokon studiar også inkluderer ”modalitet”.

Bidraga i boka er spennande og inspirerande, ikkje minst på grunn av det materialet som blir behandla. Kjente klassikarar blir forska på. Karolina Rybicka-Tomala skriv om Lewis Carrolls Alice’s Adventures in Wonderland (1865) og Björn Sundmark retter oppmerksemda mot J. R. R. Tolkiens The Hobbit (1937). Joanna Dybiec-Gajer fokuserer på Heinrich Hoffmanns Der Struwwelpeter (1845) og Dana Cocargeanu forskar på Beatrix Potters forteljingar. I tillegg blir også mindre kjente verk omhandla. Hannah Felce skriv om dei retoromanske omsetjingane av Selina Chönz’ Uorsin (1945), mens Aneesh Barai retter interessa mot eventyret The Cat and the Devil (1964/1965), som James Joyce henta frå Bretagne. Materialet er den største styrken i antologien. Mange av studiane er språkparsspesifikke, det vil seie at dei omhandlar eit kjeldespråk og eit (eller fleire) målspråk. Her ser eg store moglegheiter for å replikere studiane med andre målspråk. Viss ein bestemmer seg for noko slikt, vil ein støyte på problem og ein kritikk som kan rettast mot dei fleste studiane i boka er at metode- beskrivingar enten ikkje finst eller at dei er for skissearta til at det er mogleg å replikere studiane. Omsetjingsvitskapen er i stor grad ein språkvitskapleg disiplin, kor IMRAD-disposisjonar nesten er ein regel. Eg meiner ikkje at alle studiar skal pressast inn i ein slik mal, men eg trur at tydelegare metodebeskrivingar kunne hjelpt andre som blir inspirert av alle dei interessante studiane og som ynskjer å gjere noko liknande.

I forordet nemner redaktørane at boka i stor grad er eit resultat av eit call for papers til eit spesialnummer av Bookbird i 2018. I spesialnummeret av Bookbird finn vi igjen nokon av bidraga i boka i nesten uforandra form. I antologiens forord er det påpeika at nokon av studiane er presentert tidlegare, men det står ikkje noko uttrykkeleg om i kva grad dei er publisert i skriftleg form. Eg må stille spørsmålet om dette kanskje bryter mot nokon etiske retningslinjer om sjølvplagiat. Eg trur også at Bookbird-informasjonen som redaktørane gjev i forordet kan forklare kvifor dei ikkje bruker innleiingskapittelet for sterkare å utnytte denne boka som teoretisk grunnlag for å lansere eit heilt nytt forskingsfelt. Det var noko dei allereie hadde gjort i 2018.

Når alt dette er sagt, vil eg framhalde at bokas positive sider langt kompenserer for det ein kan diskutere. Boka har mange interessante forskingsspørsmål og materiale. Eg vil også trekke fram kor viktig transmedialitetsperspektivet er i vår digitaliserte verd. Redaktørane viser ikkje til nokon spesifikke målgrupper for boka, men eg trur at ho ville vere interessant for mange. I tillegg til barnelitteraturforskarar, vil boka sjølvsagt også vere relevant for alle som er interesserte i omsetjing og framstillingar på tvers av medium. Eg tenker at mange grupper studentar kunne ha glede av boka og også bibliotekarar, utgjevarar og lærarar. Eg vil også nemne at sjølv om eg kritiserte boka for ikkje å gi nok metodebeskrivingar, kan eg seie at det er mogleg å sette nokon positivistiske IMRAD-ifiserte kriterium for reliabilitet til side og omfamne dei litteraturvitskapelege perspektiva som boka gir omsetjingsvitskapen rik på i denne boka. Til slutt: Kven takkar nei til ei ny bok om omsetjing av barnelitteratur? Eg gjer det i alle fall ikkje.

Marcus Axelsson
Førsteamanuensis i nordisk
Høgskolen i Østfold, Noreg